Brannvettskolen.no er Samarbeidsgruppa for brannvern i skulen sin nettstad for skular og barnehagar. På denne sida for lærarar og foreldre samler vi nyttig informasjon om undervisningsopplegga, med høve til å bestille materiell og laste ned lærarrettleiingar. Velg tema i menyen til venstre.
Kvifor brannvernopplæring i skular og barnehagar?
Årleg døyr 60-70 menneske i brann i Noreg. Brannvesenet rykkjer ut til rundt 2500-3000 bygningsbrannar. Av desse er cirka 1500 brannar i bustader. Verdiar for over 4 milliardar kroner går tapt. Brann er altså eit samfunnsproblem som det er viktig å gjere noko med.
Lovverk og læreplanar seier ikkje noko direkte om at skuleelevar og barnehagebarn skal ha brannvernopplæring, men eit slikt krav vert understøtta i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn. Denne forskrifta beskriv kva som må til av branntryggjingstiltak i skular, barnehagar og andre såkalla særskilde brannobjekt, det vil seie bygningar der ein brann kan medføre tap av mange menneskeliv. Forskrifta slår blant anna fast at alle ansatte og leiarar skal ha brannvernopplæring og gjennomføre regelmessige brannøvingar som står i forhold til risikoen i bygningen. I skular og barnehagar inneber det normalt fleire brannøvingar per år. Som faste brukarar av skulebygningar og barnehagebygg er det naturleg at også barn og unge får brannvernopplæring, slik at dei tileigner seg grunnleggjande kunnskap om brannførebyggjing og åtferd ved brann.
Nyhetsbrev for skular og barnehagar
To-tre gonger i året sender Samarbeidsgruppa for brannvern i skulen ut nyhetsbrev per e-post til skular og barnehagar. Dersom du ønskjer å motta nyhetsbrevet, skriv inn e-postadressa di i skjemaet nedanfor.